I 2023 blei det fullbooka konsert med Vamp i Vågen og i 2024 var det fullt hus da Bjørn Eidsvåg stod på scenen.
Dette året er det Odd Nordstoga som kjem til Hjelmelandsvågen for å halde sommarkonsert laurdag 19. juli kl. 19.00.
Nordstoga i Vågen
Odd syng om skogen, om hausten. Om å lengte tilbake til sommaren! Og om dagane som kom og gjekk. Han får oss til å dansa, sjølv om me ikkje kan det, og til å villa syngja med av full hals om denne grisen som står og hyler.
Det er aldri nokon tvil om at denne mannen lever for å spille for publikum, og det er jammen ikkje rart at publikum over heile landet har trykka han til sitt bryst, både i høgtid og på fest.
Odd er ein slags nasjonalleverandør av kvalitetsmusikk, og når han legg ut på tur er det med både gamle og nye hits i skreppa.
Konsertstart & aldersgrense
Hjelmelandsvågen blir opna for publikum klokka 18.00. Odd Nordstoga går på scenen klokka 19.00. Atomic Band speler coverlåtar frå ca. kl. 21.00. Arrangementet har 18-årsgrense.
Billettar & skysstilbod
Det blir sett opp bussar og båtar til konserten.
Normal billettpris kr 645,-
Billettar til konserten og transportbillettar