Velkommen til Hjelmeland!
Hjelmeland er ein naturvakker kommune midt i Ryfylke – ei ekte perle for både fastbuande og besøkande! Her finn du ein variert og vakker natur, frå den stille fjorden til dei imponerande fjella. Det er alltid noko spennande å oppdage!
Er du ute etter å finne roen, er Hjelmeland den perfekte staden å vere. Den unike naturkombinasjonen og dei små bygdene gir ein atmosfære kor det er lett å lade batteriane. Samstundes har me mykje å by på for dei som vil vere aktive, med eit rikt tilbod av aktivitetar for både små og store – frå turar i flott natur til eit rikt kulturtilbod og ein stor variasjon av frivillige lag.
Hjelmeland er óg ein plass som er rik på historie og tradisjonar som har forma bygdene, folka og livet i Hjelmeland. Er du her på besøk eller har teke Hjelmeland som din heimstad - velkommen til å oppdage enda meir av det Hjelmeland har å by på!