Gladmat2023 176

Feien & Fjong

Hjelmeland på Gladmatfestivalen

Gladmat 2022-2024

Både i 2022, i 2023 og i 2024 hadde Hjelmeland kommune og næringsaktører frå Hjelmeland ein felles stand under Gladmatfestivalen. Her har me saman satt Hjelmeland endå meir på kartet og vist fram mange av dei fantastiske smaksopplevingane me har å by på i vår kommune.

Dette samarbeidet resulterte til 5 nominasjonar og prisen for "Årets Gladmatstand" i 2022. I 2023 fekk me 4 nominasjonar og vann både prisen for "Årets Gladmatopplevelse" og "Årets Gladmatrett" (som blei laga av Smaken av Ryfylke). I 2024 blei det 3 nominasjonar og nok ein gong vinnaren av den gjeve prisen "Årets Gladmatopplevelse"!

Gladmat 2025

I 2025 var Gladmatfestivalen 25.-28. juni. Her stilte 12 aktørar saman med Hjelmeland kommune. Det blei nokre fantastiske festivaldagar, med yrande liv og god steming frå opningstid til stengetid. Saman med Suldals-standen hadde me til og med statsministeren og landbruksministeren med følge på lunsjbesøk. Veldig kjekt å høyre at dette var ein lunsj dei vil huske lenge og at den var mykje betre enn kva dei fekk servert på det kongelege slott i Nederland nokre dagar før.

Statsministerlunsj
Foto: Kevin Molstad

Kven var årets utstillera?

På årets matfestival fann du denne fine gjengen:

Ryfylke gardsysteri

Hos Hilde og Joar kjem du tett på dyra i fjoset og kan snopa både prisvinnande ost og yoghurt i gardsbutikken.

Førre Angus

Elise og Helge brenn for gode levekår for eigne dyr og i gardsbutikken kan du kjøpa kvalitetskjøtet dei produserer.

Tveitane gard

Som tredjegenerasjon jordbærdyrkar og med fokus på å ivareta gamle tradisjonar, diskar dei opp med smakfulle Fisterbær, syltetøy og pesto.

Sie gard

Tradisjonell og naturleg mat er i sentrum, og hos dei finn du både pinnekjøt, fenalår, spekepølse, syltetøy og saft.

Eiane Gard

Elodie og Jon er lidenskapleg opptatt av kvalitet og nyskaping, og hos dei finn du naturleg flaskegjera handverksider med unike smakskombinasjonar.

Apal Sideri

Dan Olav tok seier i verdsklasse allereie med sin første sider, og brenn for god kvalitet både på sideren og sidersmakingsopplevingar.

OmCider

Høge fjell ved garden gir kjøligare vintrar og varmare somrar – perfekt for å laga sider og eplemost i verdsklasse!

Kleppa gard

Med nydeleg plassering ved sjøkanten og med flott fjordutsikt, finn du eplehagen, gardsbutikken og ein unik glamping-idyll.

Helgøyfrukt

Idylliske Helgøy er heimen til 45 personar og rundt 45 000 frukttær, og i gardsbutikken hos Helgøyfrukt finn du deira eplemostkolleksjon året rundt saman med nydelege, søte og saftige morellar i sesong.

Ryfylke bakeri og konditori

Gunvor leverer kaker og bakevarer av høg kvalitet, og vil gjerne gje deg dei beste smaksopplevingane gjennom bruk av gode råvarer.

Smaken av Ryfylke

· Sebastian brenn for god mat basert på lokale råvarer og unike smakar, og i 2023 vann han Årets Gladmatrett!

Sterling White Halibut

Deira kveite er ein råvare av ypperste kvalitet og høgt verdsett i restuarantbransjen både lokalt, nasjonalt og internasjonalt! Med kveite frå Hjelmeland er det verd å nyte ei av dei mange kulinariske kveiterettane du finn på menyen!

Samarbeid

I 2024 hadde me eit veldig godt samarbeid og arrangement saman med Arne Brimi. Det blei eit flott kokkekurs for barn saman med Brimi og MasterChef - Unge talenter-deltakar Madelen Kvame. I tillegg blei det ein utsolgt 4-rettars-festmiddag med Brimi som kokk og Arne Hjeltnes som konferanserier.

Gladmat festmiddag

Og i år hadde me ein stor glede av å ha sydpolfarar og Ryfylke-ambassadør Karen M. Kyllesø som gjest på standen vår! Ho koste seg med å smake seg gjennom mykje av det gode me serverte i Hjelmelandsteltet og frå standen til Suldal. Det var ein fryd å dele alle dei gode smakane med henne og alle dei andre flotte gjestene våre!

Slideshow Items