Futedrap på En jammerlig og meget miserabel Ridevei Årdal gamle kyrkje og Prestavegen Hjelmeland kommune yc5z7q

SPOR i Ryfylke

Futedrap på «En jammerlig og meget miserabel Ridevei»

Under denne turen lærer du ikkje berre meir om Årdal gamle kyrkje, men òg om Prestavegen, som ein gong var så elendig at ein prest mista livet der. Og kanskje vart òg ein fut rydda av vegen av årdalsbuane?

Om turen

Den 400 år gamle renessansekyrkja i Årdal er spesielt kjent for sine godt bevarte veggdekorasjonar. Kyrkja er dessutan ei annekskyrkje, og presten måtte ri frå hovudsoknet Hjelmeland når det var gudstenester i Årdal. På denne turen blir du betre kjent med kyrkja, men også med Prestavegen som ein gong var så dårleg at han tok livet av ein prest. Og kanskje tok årdalsbuane livet av ein fut på Prestavegen?

I kyrkja møter du også nokre av dei frittalande prestane frå 1800-talet.

Møtestad: Frammøte ved Årdal gamle kyrkje

Dato og tid: Laurdag 31. mai 2025 kl. 14:00-15:00